Skip to main content

Om oss

Millionar av menneske over heile verda nyttar Wikipedia kvar dag. Wikipedia er faktisk blant dei 5 mest vitja nettstadane i verda. Det ikkje alle veit er at det frie oppslagsverket Wikipedia blir skrive og vidlikehalde av friviljuge bidragsytarar. Alle kan bidra med sin kunnskap på Wikipedia!

Er du blant oss som synast kunnskap skal delast og vere fritt tilgjengeleg for alle? Da har du funne likesinna som gjer noko med det! Wikimedia Noreg er ein friviljug organisasjon som arbeider for å gjere kunnskap fri og tilgjengeleg for alle gjennom å støtte opp om bidragsytarar på Wikipedia, ved institusjonssamarbeid og kursverksemd. Saman bygger vi nokre av dei beste oppslagsverka i Noreg. Vi skriv på bokmål, nynorsk og samisk, og av og til på dei 280 andre wiki-språka.

Ved å skildre verda forandrar vi ho òg litt. Vi vil gjerne ha deg med!

Wikipedia er eitt av fleire Wikimedia-prosjekt. Andre store Wikimedia-prosjekt er til dømes Wikimedia Commons og Wikidata. Wikipedia og dei andre Wikimedia-prosjekta har ei sentral rolle i Wikimedia Noreg sitt arbeid.

Wikimedia Noreg har ikkje redaksjonsansvar for innhaldet på Wikipedia på bokmål, nynorsk, nordsamisk eller nokre andre språk, eller på andre Wikimedia-prosjekt. Vi er ei uavhengig foreining, men Wikimedia Foundation i USA (som driv Wikimedia-prosjekta) har anerkjent oss som eit chapter. Det tyder at Wikimedia Noreg på nasjonalt plan jobbar for det samme målet som Wikimedia Foundation og 40 chapter verda over: Sjå for deg ei verd der alle har fri tilgang til summen av menneskeleg kunnskap.

Vil du lese mer om Wikimedia Noreg sitt arbeid så kan de gjere det på vår eigen wiki.