Skip to main content

Samarbeid med oss

Wikimedia Noreg leitar alltid etter samarbeidspartnarar til spennande prosjekt som er relaterte til fri kunnskap, Wikipedia og dei andre Wikimedia-prosjekta. Vi er spesielt interesserte i samarbeid som handlar om auka mangfald blant bidragsytarane på Wikimedia-prosjekta eller fører til meir mangfald i innhaldet til Wikimedia-prosjekta. Du kan lesa meir om mangfalds-arbeidet vårt her

Om du eller din institusjon/organisasjon har ein idé eller eit prosjektforslag du/de ønsker å samarbeida med oss om, er du hjarteleg velkommen til å ta kontakt. 

Wikimedia Noreg jobbar saman med arkiv, museum og bibliotek, statlege direktorat og råd, høgskular, universitet og ulike organisasjonar. Vi har omfattande prosjekt som strekker seg over fleire år, men også samarbeid omkring enkeltarrangement. Om du har ein idé vil vi uansett gjerne høyra frå deg!

Noko av det vi gjerne samarbeid om er å:

  • auka mangfaldet blant bidragsytarane til Wikimedia-prosjekta og innhaldet på Wikimedia-prosjekta
  • hjelpa til med råd og kunnskap om korleis ein kan dela samlingar (foto, tekst, data) under fri lisens
  • halda opplæring i Wikipedia-redigering og arrangera skriveverksteder
  • gjennomføra tiltak for at samlingar, til dømes innan kulturarv, kan bli tatt i bruk av dei ulike Wikimedia-prosjekta
  • arrangera skrive- og fotokonkurransar
  • spreia kunnskap om Wikimedia-prosjekta og fri tilgang til kunnskap

Årlig arrangerer vi mellom anna desse arrangementa saman med ulike samarbeidspartnarar:

Vi i Wikimedia Noreg jobbar saman med frivillige i prosjekta våre. Som frivillig kan du hjelpa oss med masse! Opplæring i Wikipedia-redigering, hjelpa til med konkurransar og wikitreff eller hjelpa til med ulike støtteordningar, som til dømes wikistipend vi deler ut to gonger i året. Har du kompetanse som du tenkjar er nyttig og vil dela ho med oss, ta gjerne kontakt! Eller ta kontakt om du har ein idé du tenker vi kan hjelpa deg med å sparka i gang!