Årets wikipedianar: Erik Fløan
Wikipedianer Erik Fløan. Foto: Rebekka Teigen, CC BY-SA 4.0.
Årets wikipedianar har ein lang historikk på Wikipedia og har i år vore med… Ikkje i 25 år – men nesten! Han byrja som 13-åring i 2006 og har sidan den gong bidratt med godt fagleg innhald og vore ein hjelpande del av wikisamfunnet.
Sjølv om han i periodar har vore mindre aktiv har han heile vegen hatt jamn produksjon med 2000–3000 redigeringar i året. Han har hatt rolla som patruljør og administrator, og etter ei lengre pause vart han vald til administrator igjen i 2022, og har hatt rolla sidan då.
Det faglege innhaldet har vore både lokalt og internasjonalt. Det er av høg kvalitet – han har vore hovudbidragsytar i omtrent 60 artiklar som har fått kvalitetsstempelet «Utmerket artikkel» eller «Anbefalt artikkel», og har òg vore aktiv med å nominere og vurdere andres artiklar for same status. Det faglege innhaldet er variert, men Trøndelag, Ditmarsken i Tyskland og Færøyene er særlege geografiske interesseområde, og særleg politikk og biografiar.
Årets wikipedianar har i tillegg bidratt som huswikipedianar i Arkivverket. Hans eigenpresentasjon på Wikipedia viser også forståing for prosjektet og ein historisk samanheng: «Jeg pleier å lese mitt eget Wikipedia-engasjement inn i en norsk folkeopplysningstradisjon.»
For sitt bidrag, i over halve livet sitt, for godt fagleg innhald, god folkeopplysing og som ein sympatisk og hjelpande del av wikisamfunnet: Årets wikipedianar er Erik Fløan!
Styret i Wikimedia Noreg
ved styreleiar Marie Nicolaisen
Kategori: Årets wikipedianer, Innlegg forside, Nyheter, Wikipedia