Skip to main content

Om oss

Millionar av menneske verda over bruker Wikipedia kvar dag. Wikipedia er faktisk blant verdas 5 mest besøkte nettstader. Det ikkje alle veit er at det frie oppslagsverket Wikipedia blir skrive og blir halde ved like av frivillige bidragsytarar. Alle kan bidra med kunnskapen sin på Wikipedia og på dei andre Wikimedia-prosjekta!

Er du blant oss som synest kunnskap skal delast og vera fritt tilgjengeleg for alle? Då har du funne likesinna som gjer noko med det! Wikimedia Noreg er ein interesseorganisasjon som arbeider for å gjera kunnskap fri og tilgjengeleg for alle gjennom å støtta opp om bidragsytarar på Wikimedia-prosjekta, ved institusjonssamarbeid og kursverksemd. Vi har prosjekt for deling av kunnskap på både bokmål, nynorsk og nordsamisk, men også prosjekt som handlar om deling av bildesamlingar og arkivmateriale. Ved å beskriva verda forandrar vi ho òg litt. Vi vil gjerne ha deg med!

Her kan du lesa meir om arbeidet vårt knytt til samisk kunnskap på nett, og her kan du lesa om arbeidet vårt med å auka mangfaldet blant bidragsytarane til Wikipedia og innhaldet på Wikipedia.

Wikipedia er eitt av fleire Wikimedia-prosjekt. Andre store Wikimedia-prosjekt er til dømes Wikimedia Commons og Wikidata. Wikipedia og dei andre Wikimedia-prosjekta har ei sentral rolle i Wikimedia Noreg sitt arbeid.

Wikimedia Noreg har ikkje redaksjonsansvar for innhaldet på Wikipedia eller på dei andre Wikimedia-prosjekta. Vi er ein uavhengig interesseorganisasjon, men Wikimedia Foundation i USA (som driv Wikimedia-prosjekta) har anerkjent oss som ein nasjonal Wikimedia-organisasjon. Det betyr at Wikimedia Noreg på nasjonalt plan jobbar for det same målet som Wikimedia Foundation og 40 andre Wikimedia-organisasjonar verda over: Sjå for deg ei verd der alle har fri tilgang til summen av menneskeleg kunnskap.

Vil du lesa meir om Wikimedia Noreg sitt arbeid så kan du gjera det på vår eigen wiki.