Skip to main content

Kvinner i raudt

Kvinner i raudt er eit prosjekt med mål om skaffe fleire biografiar om kvinner på Wikipedia. Wikipedia og dei andre Wikimedia-prosjekta har som mål at all verdas kunnskap skal vere tilgjengeleg, men når delen artiklar om kvinner er sopass lav, vil det seie at mykje kunnskap manglar.

Namnet «Kvinner i raudt» viser til korleis artiklar som manglar på Wikipedia er merka i raudt, og prosjektet er inspirert av det globale Women in Red-prosjektet med same mål. Første steg er å sørge for at dei raude lenkene finst – at vi har eit oversyn over kva for kvinner det manglar artiklar om – og neste steg er å skrive artiklane, slik at dei raude lenkene blir blå.

prosjektsida Kvinner i raudt oppfordrar vi organisasjonar, institusjonar og enkeltpersonar til å bidra med lister over kva for kvinner innan ulike felt det manglar artiklar om på Wikipedia på bokmål, nynorsk og nordsamisk.

Samarbeid med Nasjonalbiblioteket og Oslomet

Saman med Nasjonalbiblioteket og Oslomet har vi òg fleire meir omfattande prosjekt som pågår under Kvinner i raudt-fana.

Nasjonalbiblioteket sit på kjelder og systematisert data om t.d. kvinnelege forfattarar, fotografar og kunstnarar, og vi bidreg til at kjeldene deira om desse personane vert nytta på Wikimedia-plattformane og når eit større publikum.

På Oslomet har vi gjennom fleire år arbeida godt saman med bibliotek- og informasjonsvitskap, og dette samarbeidet har vi utvida i 2018 til å òg omhandle Kvinner i raudt. Saman med Nasjonalbiblioteket er vi en av prosjektilbydarane på emnet BIBV3700 Prosjektarbeid, og her kan studentane fordype seg i korleis dei kan nytte Nasjonalbibliotekets kjelder til å formidle historia til kvinner på Wikipedia og søstersprosjekta.

I 2018–2019 har vi òg et samarbeidsprosjekt med Nasjonalbiblioteket. Dette skal dreie seg om å synleggjere arbeidet til kvinnelege forfattarar der verka deira har falt i det fri dei siste ti åra, det vil seie forfattarar som døydde i 1940–1948.

Er du interessert i å bidra? Kontakt prosjektleiar Jorid Martinsen på jorid@wikimedia.no.