Gå til hovedinnhold

    Vinnarane av Wiki Loves Monuments 2019

    Vinnarane av Wiki Loves Monuments 2019 er klare. Juryen har vore samansett av Jorid Martinsen frå NIKU (Norsk institutt for kulturminneforsking), Greta Doçi frå Wikimedians of Albania User Group, og den erfarne Commons-fotografen Hans A. Rosbach. Dei har vald ut ti bilete som går vidare til den internasjonale finalen. Alle dei ti bileta kan du sjå på denne sida på Commons.


    Dette biletet av Kjeungskjær fyr i Ørland vann fyrsteplassen.
    Foto: Henny Stokseth, CC-by-SA 4.0


    Dette biletet av Lindesnes fyr vann andreplassen.
    Foto: Lars-bh, CC-by-SA 4.0


    Dette biletet av Geiranger kyrkje vann tredjeplassen.
    Foto: Diego Delso, CC-by-SA 4.0

    Kategori: Blogg, Commons, Innlegg forside, Wiki Loves Monuments