Gå til hovedinnhold

    Kunnskapsrørsle angripen – igjen

    Utsnitt av bilde fra Wikimedia Summit 2022. Foto: Jason Krüger for Wikimedia Foundation. CC BY-SA 4.0.

    I Dag og Tid fredag 17. mars kjem Ottar Grepstad med kritikk av Wikipedia og skuldar wikipediaforfattarar for juks. Styreleiar i Wikimedia Noreg, Marie Nicolaisen, inviterer ham til å ta del i kunnskapsdugnaden.

    I Dag og Tid fredag 17. mars kjem Ottar Grepstad med kritikk av Wikipedia og skuldar wikipediaforfattarar for juks. Som døme trekker han fyrst fram ei 13 år gamal sak om plagiat av Allkunne, før han kritiserer to artiklar om bokbål, som også er tema for Grepstad si siste bok. Han ropar «juks» fordi artikkelforfattarane har referert til eit intervju med Grepstad i ei etablert regionavis, i staden for å referere til sjølve boka, som ikkje er fritt tilgjengeleg for ålmenta på nett. Er ikkje det å strekke omgrepet juks litt langt?

    Grepstad spør etter eit redaksjonelt svar frå underteikna som styreleiar for Wikimedia Noreg. Her syner Grepstad lite kunnskap om kva Wikipedia er, og kvifor Wikipedia skil seg frå nettleksikon som Store Norske Leksikon og (tidligare?) Allkunne.

    Wikipedia har ingen tradisjonell redaksjon, men det er frivillige bidragsytarar som både skriv, reviderer og passar på at artiklane oppfyller krav til kjeldebruk. Dei slettar artiklar, eller merkar at dei er mangelfulle, som i den eine artikkelen om bokbålet. Kravet om kjeldebruk er såpass strengt at vi som driv med kulturhistorisk arbeid og formidling, ofte lyt bruke Lokalhistoriewiki, sidan ein del av kjeldematerialet vi arbeider med, ikkje oppfyller krava til Wikipedia.

    Førre månad var det 3200 bidragsytarar på Wikipedia på bokmål og nynorsk. Desse frivillige skreiv oppimot 1600 nye artiklar, reviderte eit utval gamle artiklar, oppdaterte lenker, sjekka kjeldebruk og så bortetter. Grepstad problematiserer at dei kan velje å vere anonyme. Ytringsfridom er ein av grunnsteinane i wikipediarørsla, og difor står høvet til og valet om anonymitet sterkt. I mange land er nettopp anonymitet eit grunnleggande premiss for at artikkelforfattarar kan kunne skrive fritt og formidle kunnskap til andre. Dette kan til dømes vere i konfliktsoner eller blant minoritetar.

    Eg er sjølv, som eg trur også Grepstad er, opptatt av å ha gode lærings- og kunnskapsressursar på norsk generelt og nynorsk spesielt. Wikipedia er 22 år og har vore i ei enorm utvikling sidan oppstarten. Der finn dei fleste av oss svar på det vi lurar på, frå små stader til store konfliktar, frå bilhistorie til popstjerner. Mykje på nynorsk, noko på samiske språk og på verdsbasis andre minoritetsspråk. Dette er ein enorm verdi for å halde eit språk levande. Men vi kan bli betre. Og der treng vi di hjelp, Ottar. Neste gong du saknar ein referanse, eller kanskje finn eit tema du meiner er dårleg dekt, kva om du brukar litt tid på å forbetre artikkelen? Det vil vi, journalistar, studentar og Ola og Kari Nordmann sette stor pris på. Er du usikker på korleis? Då hjelper vi i Wikimedia Noreg deg. Vi er nemleg ingen redaksjon, vi er her for å støtte opp om alle dei som er med på kunnskapsdugnaden.

    Tekst: Marie Nicolaisen,
    kulturhistorikar og styreleiar i Wikimedia Noreg


    Dette innlegget var på trykk i Dag og Tid 31.03.2023, som svar på Ottar Grepstads lesarbrev «Wikipedia juksar. Igjen.» i same avis 17.03.2023. Wikipedianar Knut Skorpen svarte Grepstad med «Inn i varmen» 24.03.2023, også det i Dag og Tid.

    Artiklar i Dag og Tid ligg diverre bak betalingsmur.

    Kategori: Innlegg forside, Nyheter