Gå til hovedinnhold

    Wiki Loves Monuments 2017

    Oversyn over landa som deltek i Wiki Loves Monuments 2017.

    For sjuande året på rad arrangerer Wikimedia Noreg no Wiki Loves Monuments i Noreg. Dette er verdas største fotokonkurranse, og i år deltek 53 land og område. I den norske delen av konkurransen handlar det om å ta bilete av kulturminne i Noreg og lasta dei opp på Wikimedia Commons i september. Hovudpremien i fotokonkurransen er reise og billett til musikk- og kulturfestivalen Riddu Riđđu 2018 som finn stad i Kåfjord i Troms frå 11. til 15. juli. Andre- og tredjepremie er gåvekort frå De Historiske som gjeld på hotell og spisestader i heile Noreg.

    Bileta som er med i konkurransen må vere av registrerte kulturminne i Noreg. Eit oversyn over dei kan ein finne på nettstaden Kulturminnesøk frå Riksantikvaren, der du òg finn kart over kulturminne som er i nærleiken av deg. For å lasta opp bileta går du til denne sida, lastar opp biletet, og skriv inn kulturminne-ID-en som du kan finna på Kulturminnesøk.

    I samband med fotokonkurransen arrangerer me òg ein separat skrivekonkurranse i veke 37–38 på Wikipedia på bokmål, nynorsk og nordsamisk, som går ut på å skriva om kulturminne i Noreg. Her kan du òg vinna gåvekort frå De Historiske.

    Kategori: Blogg, Innlegg forside, Ukens konkurranse, Wiki Loves Monuments