Gå til hovedinnhold

Samarbeid med oss

Wikimedia Noreg jobbar saman med arkiv, museum og bibliotek, statlege direktorat og råd, høgskular, universitet og ulike organisasjonar. Vi har omfattande prosjekt som strekker seg over fleire år, men også samarbeid om enkeltarrangement.

Om du eller din institusjon/organisasjon har ein idé eller eit prosjektforslag du/de ønsker å samarbeida med oss om, er du hjarteleg velkomen til å ta kontakt!

Vi er spesielt interesserte i samarbeid som handlar om auka mangfald blant bidragsytarane på Wikimedia-prosjekta, eller fører til meir mangfald i innhaldet til Wikimedia-prosjekta.
Du kan lesa meir om mangfaldsarbeidet vårt her

Vi vil gjerne samarbeide om å:

  • auke mangfaldet blant bidragsytarane til Wikimedia-prosjekta og innhaldet på Wikimedia-prosjekta
  • hjelpe til med råd og kunnskap om korleis ein kan dele samlingar (foto, tekst, data) under fri lisens
  • halde opplæring i Wikipedia-redigering og arrangere skriveverkstader
  • gjennomføre tiltak for at samlingar, til dømes innan kulturarv, kan bli tatt i bruk av dei ulike Wikimedia-prosjekta
  • arrangere skrive- og fotokonkurransar
  • spreie kunnskap om Wikimedia-prosjekta og fri tilgang til kunnskap

Arrangement saman med ulike samarbeidspartnarar:

Samarbeid med frivillige:

Vi i Wikimedia Noreg jobbar saman med frivillige i prosjekta våre. Som frivillig kan du hjelpa oss med mange ting! Opplæring i Wikipedia-redigering, hjelpa til med konkurransar og wikitreff eller hjelpa til med ulike støtteordningar, som til dømes wikistipenda vi deler ut to gonger i året. Har du kompetanse som du tenkjer er nyttig og vil dela han med oss, ta gjerne kontakt! Eller ta kontakt om du har ein idé du tenker vi kan hjelpa deg med å sparka i gang!