Gå til hovedinnhold

    Artikkelkonkurranse om nynorske forfattarar

    Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane [No restrictions], Wikimedia Commons

    Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane [No restrictions], Wikimedia Commons

    Nynorske forfattarar er ukens konkurranse for veke 15 på Wikipedia. Konkurransen finn du via denne lenka til Wikipedia.

    Sogn og Fjordane fylkesbibliotek ville gjerne presentera forfattarar med tilknyting til Sogn og Fjordane på ein eigen nettstad, og dei valde å bruke Nynorsk Wikipedia til å registrera forfattarar, og så haustar dei opplysningar derfrå til ei eiga side. Med støtte frå Nasjonalbiblioteket fekk dei utarbeida sida Forfattarar frå Sogn og Fjordane. Litt om korleis dei har jobba:

    • «Me har lagt kategori: Forfattarar frå …. (kommunenamn) på dei artiklane som me ville henta ut. Dette er underkategori av Forfattarar frå Sogn og Fjordane.
    • Me har også lagt til kategori på sjanger (underkategori under Norske forfattarar etter sjanger).
    • Mange forfattarar låg inne frå før, då har me ført på Forfattarar frå….. og underkategori under Norske forfattarar etter sjanger.
    • Me har også registrert bibliografi med lenking til bokhylla.no
    • Sogn og Fjordane fylkesbibliotek har ein bibliografisk base over lokalhistoriske artiklar. Me har der registrert og analysert artiklar i lokale blad, julehefte og årbøker. Om det finst omtale av forfattarane eller stoff av dei her, har me lenka til det i artikkelen i wikipedia.»

    Sogn og Fjordane fylkesbibliotek har nokon ynskje for bidrag til konkurransen:

    1. Fleire opplysningar om forfattarane
    2. Bilete
    3. Fleire forfattarar
    4. Har artiklane kjelde?
    5. Fleire kategoriar på artiklane
    6. Knytta Kategori:Nynorskforfattarar til dei forfattarane som skriv/skreiv nynorsk

    Sogn og Fjordane fylkesbibliotek sponser konkurransen med fine bokpremier! Lukke til!

    Kategori: Blogg, Innlegg forside, Nyheter, Ukategorisert, Ukens konkurranse
    Stikkord: