Gå til hovedinnhold

    – Svartmetall er norsk kulturarv

    Mayhem på Infernofestivalen 2016. Foto: Septikphoto, henta frå Wikimedia Commons. CC BY 2.0 DEED.

    Kulturarv er meir enn gamle bygningar i drakestil. Ein frivillig bidragsytar på Wikimedia Commons og ein praktikant i Kulturdirektoratet vil syne fram breidda i kulturarven vår.

    Immateriell kulturarv

    Mange vil assosiera kulturarv med gamle bygningar og tradisjonsmiljø. Men omgrepet dekker også den immaterielle kulturarven, til dømes musikk, forteljingar, leikar og mattradisjonar som overførast frå generasjon til generasjon.

    Monica Ferreira Ask. Foto: Privat.

    For å dokumentera meir av denne kulturarven gav Wikimedia Noreg eit Wikistipend til Monica Ferreira Ask, og i sommar besøkte ho metallfestivalen Midgardsblot, som vert arrangert kvar sommar på Borre i Vestfold, i samarbeid med Midgard vikingsenter. I tillegg til musikken inneheld festivalen seminar om og gjenskaping av vikingtida. På festivalen fotograferte og dokumenterte ho handverk, matlaging og ølbrygging med historiske røter.

    Sjå alle bileta hennar på Wikimedia Commons.

    Svartmetall – ein del av kulturarven?

    Festivalplakaten på Midgardsblot er dominert av svartmetall-grupper. Svartmetall er ein moderne musikksjanger, med røter tilbake til 1980-talet, og kan definerast som ein del av norsk kulturarv på lik line med andre tradisjonar.

    – Det er ikkje slik at kulturarv må vera veldig gamal for å ha historisk forankring, forklarer Cecilie Kähler. Ho er praktikant i Kulturdirektoratet og skal skriva ei masteroppgåve om svartmetall i kulturarvskontekst.

    Kähler viser til norsk bunadsbruk, som er nominert til innskriving på UNESCO si liste over verdas immaterielle kulturarv. Fordi bunadsbruken fekk sitt store gjennomslag i etterkrigstida, er ikkje denne kulturarven eldre enn 60-70 år.

    – Frå svartmetallens spede byrjing på slutten av 1980-talet og starten av 90-talet har sjangeren og subkulturen tilknytta musikken fått ein plass i den norske historia. Norsk svartmetall har samtidig også ein verdi for ein del menneske og ulike fellesskap.

    Ein norsk motkultur

    – Fenomenet norsk svartmetall og kulturen tilknytta musikken er særs godt eigna for kulturhistorisk forsking på grunn av dei tydelege identitetsmarkørane i miljøet. Svartmetall er også nyttig når ein vil utvida det offentlege medvitet om kva kulturarvsomgrepet kan bety, seier Kähler. 

    Cecilie Kähler. Foto: Privat.

    Svartmetallen uttrykker både visuelt og musikalsk ein fascinasjon for døden og utemde krefter i mennesket og naturen. Songtekstane er ofte prega av noko mørkt og dystert, og bruk av liksminke er typisk for den norske svartmetallen. Mindre kjent for folk flest er nok den sterke interessa mange av dei tidlegaste utøvarane i sjangeren hadde for å tilbakeføra samfunnet til tilstandar slik det var før. Slik mange også gjorde i den norske nasjonalromantikken.

    – Medan dei amerikanske og svenske death metal-gruppene poserte foran ein nedlagt fabrikk, kunne ein sjå medlemene av norske svartmetall-grupper staut avbilda foran ei laftehytte i Nordmarka. Fleire norske svartmetall-grupper tok også i bruk norsk kunst med historiske referanserammer på plateomslaga sine, fortel Kähler.

    Erik Werenskiold og Theodor Kittelsen er to kunstnarar som inspirerte svartmetallmiljøet. Kittelsens mørke skog med mytiske skapnader og Werenskiolds Heimskringla-illustrasjonar var element som passa godt med dei oppfatningane miljøet hadde om det norske.

    – Ved å nytta bilete av norske landskap viste ein at Noreg og norsk svartmetall sto aleine utan å stø seg på verken kristendomen eller den kommersialiserte Hollywood-kulturen.

    Meir anerkjent enn før

    I takt med at norsk svartmetall har blitt kjent over heile verda, har sjangeren blitt eksponert for både kommersialisering og større aksept frå storsamfunnet. I dag er fleire av dei største svartmetall-gruppene i verda norske, og svartmetall har blitt vår største musikk-eksport. 

    – I seinare tid har norsk svartmetall i aukande grad blitt representert på museum og har blitt nominert til prisar og andre offisielle utmerkingar. Hollywood har laga ein spelefilm om norsk svartmetall, og på NRK ligg det fleire dokumentarar. Eg har ikkje høyrt eller opplevd anna enn enn at folk generelt er positive til at svartmetall blir vist fram, og at musikken får anerkjenning som norsk kulturarv, avsluttar Kähler.

    Kategori: Innlegg forside, Nyheter, Wiki Loves Living Heritage